Notater
Treff 351 til 400 av 4,131
# | Notater | Linket til |
---|---|---|
351 | Berte Olave vart gift i 1812 med Kristian Hanssen Sjøholtstrand. Dei hadde barn; Oline Hanne Birgitte, ho gifte seg 2. gang med Andreas Larssen Stavdal, Stordal | SJØHOLTSTRAND, Berte Olave Olsdtr. (I71)
|
352 | Berte Olivie var gift i 1935 med Alfred Benjamin Alfredsen Kopparnes, Syvde. | REITE, Berta Olivie Toresdtr. (I1028)
|
353 | Berte var gift med Lars Salamonsson Langlo. Dei budde på Sløgstad, Stranda | RØDSET, Berte Knutsdtr. (I2112)
|
354 | Berte var gift med Ole Olsen Overå, Liabygda | SOLLID, Berte Ebbesdtr. (I2131)
|
355 | Berte var gift med Trasmus Magnusson Helset. | HOLE, Berte Ivarsdtr. (I1132)
|
356 | Berte var truleg gift i Borgund. | VAAGE, Berte Marie Olesdtr. (I339)
|
357 | Berte vart gift i 1821 med Peder Rafael Larssen Brusdal, Skodje. Dei var brukarar på Brusdal. | SOLNØRDAL, Berte Paulsdtr. (Reite) (I74)
|
358 | Berte vart seinare gift i 1749 med Lars Jonsen Giskemo. | ), Berte Torsdtr. Hatlen (Sætren (I124)
|
359 | Berthold var prest i sjømannsmisjonen i Mellom-Amerika og i Stavanger | HINDAL, Berthold Osmundson (I5049)
|
360 | Bestefar til Guri var Tore Pedersen f. 1676 Sjå Brn. 1 Jensgarden i Vaksvik. | VAKSVIK, Guri Jensdtr. (I10)
|
361 | Bilettekst: Anna Lovise Abelseth frå Nilsgarden på Apalset (1889-1971). (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | ABELSETH, Anne Lovise Iversdtr. (I8980)
|
362 | Bilettekst: Johanne Gurine Olivie Lande frå bnr. 2 Bøen på Nedre Lande gifta seg i 1928 med Petter Olaus Barlindhaug. Dei tok seinare over bruket på Lande der ho var fødd. (Registrert av Ole Øystein Nybø.) | BARLINGHAUG, Peter Olaus Larssen (I9398)
|
363 | Bilettekst: Karen Amalie Egge frå Sjøholt avbilda i 1917. Ho reiste til USA i 1925 og gifta seg der med Sigurd Walderhaug frå Ålesund. Begge døydde i USA, men er gravlagt i Ørskog. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | EGGE, Karen Amalie Severinsdtr. (I9160)
|
364 | Bilettekst: Oline Møll. Oline Hanna Larsdatter Søholt Født 1846 på Sjøholt, Møre og Romsdal Død 30 Mar 1938 på Ørskog Gift med Tore Olsen Møll, født Geiranger 1846, død Ørskog 1914. (Informant: Astrid Mollan.) | SJØHOLT, Oline Hanna Larsdtr. (I9676)
|
365 | Bilettekst: Portrett av Olaf Gustav Sollied (1863-1945). Han var fødd Bergen og son til Olave og Henning Sollied frå Ørskog. Olaf Gustav var gift med Thora Kahrs som var fødd i Ørskog medan faren var distriktslækjar her. Olaf Gustav var og utdanna lækjar. Ved folketeljinga i 1900 var dei busett i Trondheim der dei budde til begge døydde i 1945. (Registrert av Ørskog Historielag v/ Ole Øystein Nybø.) | SOLLIED, Olaf Gustav (I10756)
|
366 | Bilettekst: Ane Petrine Vaksvik, f.Habostad (1807-1887). Dette er eit heller gamalt portrett som viser ein heilt annan kles-stil enn den vi kjenner. Lærar Karl Hatlen meinte at ho måtte ha vore ein markant skikkelse i Vaksvikbygda. Mellom anna var det eit ordtak der som gjekk slik: "Dei e månge, dissa kvennjapussa, sa ho Vaksvik-Petrina". Bakgrunnen skulle vere at sonen Jens var på kverna og mol, så gjekk det hol på mjølhita, og alt mjølet for på elva. (Lokal registrering: Tore Gjære 01.03.2000.) | HABOSTAD, Ane Petrine Pedersdtr. (I2042)
|
367 | Bilettekst: Anne Marie Karoline Nedrevoll (1880-1962) i Pettergarden bnr. 3 på Nedrevoll. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | NEDREVOLL, Anne Marie Karoline Petersdtr. (I3018)
|
368 | Bilettekst: Aslaug Petrine Sæther (1914-1995) frå Johannesgarden på Hallvardsæter vart konfirmert i 1928. Dette bilete kan ha vorte teke i den anledning? (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) Bilettekst: På trappa i Johannesgarden på Hallvardsæter står dottera på garden, Aslaug Petrine Sæther. Ho har fått besøk av ei dame vi dessverre ikkje kjenner namnet på. Bilete er teke om lag midt på 1930 talet. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | SÆTHER, Aslaug Petrine Johansdtr. (I9300)
|
369 | Bilettekst: Astrid Lovise Innvik (t.v.) (1913-1993) og Ragna Sofie Nedrevoll. (1902-1994) avbilda i bunad og songarhue. Truleg var dei her med i eit songastemne ein eller anna stad. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | NEDREVOLL, Ragna Sofie Larsdtr. (Giskemo) (I3019)
|
370 | Bilettekst: Bendik Martinus Skarbø (1869-1892) var frå Hagen på Skarbø. Han arbeidde som snekkar, men døydde så altfor tidleg berre 23 år gamal. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | SKARBØ, Bendik Martinus Olsen (I9622)
|
371 | Bilettekst: Bryllaupet til Randi Fylling og Olav Vestre i Ivergarden på Vestre 9. april 1949. Framme står Åshild Vestre og Tormod Fylling. Olav var sjømann i utanriksfart, i seinare tid arbeidde han ved Ørskog Kommunale Kraftlag. Registrert av Harald Petter Haugen for Ørskog Historielag | FYLLING, Randi Tormosdtr. (I687)
|
372 | Bilettekst: Det gamle tunet i Andreasgarden på Viset. Fem av personane tilhøyrer familien på garden (Husbondsfolket, to søner og ei dotter). Mannen bakerst med longorven er "Erik på Plassen", Erik Viset. Han kom frå Neremsholen i Tresfjord. Frå venstre: Nils Viset (f.1900), Knut Andreassen Viset (1857-1926), Erik Neremsholen (1833-1926), Knut Viset (f.1893), Tomasine Viset (1859-1948) og Johanne Viset (1897-1965). (Lokal registrering: Tore Gjære 19.03.1999.) Identifiserte personar: (1) Nils Viset , (2) Knut Andreassen Viset , (3) Erik Neremsholen , (4) Knut Viset , (5) Tomasine Viset , (6) Johanne Viset | VISET, Knut Peter Olaus Andreassen (I10295)
|
373 | Bilettekst: Dette er Josefine Elise Marie Sæter (1884-1980) frå Johannesgarden på Hallvardsæter. Ho gifta seg i 1915 med Joakim Gjerde frå Dyrkorn i Stordal og busette seg på Øvre Dyrkorn. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | HALLVARDSÆTER, Josefine Elise M. Johdtr. (I4892)
|
374 | Bilettekst: Dette er Lars Severin Karolussen Lande, f.1831 og kona Regine Toresdotter Valgermo f. 1836. Dei vart gift i 1855. Her sit dei ovanfor huset sitt i Pe-garden på Lande. (Lokal registrering: Tore Gjære 28.03.1999.) | LANDE, Lars Severin Karolussen Nedre (I9396)
|
375 | Bilettekst: Dette er yngste son til Johanne og Johan Sæter i Johannesgarden på Hallvardsæter, Leif Sundolf Sæther (1927-1937) Han vart berre 10 år gamal etter som han omkom i ei bilulykke ved gamlebrua over Vaksvikelva i 1937. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | SÆTHER, Leiv Sundolf Johansen (I9306)
|
376 | Minst en nålevende eller privat person er linket til dette notatet. Detaljer ikke tilgjengelig. | Nålevende (I8996)
|
377 | Bilettekst: Først på 1900-talet var det vanleg at også gutar brukte kjole når dei var i småbarnsalderen. Her har Per Gjære (1909-2001.) blitt tatt med til fotografen for avbildning. (Lokal registrering: Tore Gjære 01.03.2000.) | GJÆRE, Per Olav Toresen (I9289)
|
378 | Bilettekst: Helga Mathilde Bjørneset og Laurits Abelseth gifta seg i Volda den 29. november 1930. Dei busette seg i Nilsgarden på Apalset der dei tok over bruket etter hans foreldre. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | ABELSETH, Laurits Iversson (I8987)
|
379 | Bilettekst: Ingeborg Lagerta Sæther g. Ødegård (1917-1982) frå Johannesgarden på Hallvardsæter vart konfirmert i 1932. Dette bilete er truleg teke ved Hallvardsvatnet i den anledning? (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) BAPM: _SOUR 1 | SÆTHER, Ingeborg Lagerta Johansdtr. (I9303)
|
380 | Bilettekst: Ingvald Olsen Amdam (1893-1986) gjorde militærteneste på Setnesmoen i 1913-14. Han var i saniteten. Ingvald var fødd på Amdam i Olegarden gnr. 83.002. Han gjekk snikkar- og treskjerarskule i Ørsta i åra 1911-1913, truleg vintrane. Ingvald arbeidde som bygningsmann, murar og anleggsarbeidar. I 1922-23 bygde han hus og løe på Amdam og dyrka opp jorda og dreiv garden (sjå bilete 3 til 8 i denne samlinga). Attåt det dreiv han aktivt fjordafiske. (Lokal registrering: Bjørn Steinar Skarbø 19.04.1999.) | AMDAM, Ingvald Ludvik Anton Olsen (I9979)
|
381 | Bilettekst: Ivar Gjære (1917-1981) med fela. (Lokal fotoregistrering: Tore Gjære 01.05.2000.) | GJÆRE, Ivar Severin Severinsson (I9264)
|
382 | Bilettekst: Iver Kfrstian Abelseth (1863-1962) i Nilsgarden på Apalset vart nesten 100 år. Han var nr. 10 av i alt 12 syskjen, men det var likevel han som tok over bruket etter foreldra. Han gifta seg i 1887 med Nikoline Tøsse og fekk med ho 9 born. Nikoline døydde alt i 1907 av tæring(turberkulse), då var yngste barnet berre 2 1/2 år gamal. Iver Kristian gifta seg ikkje opp att. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | ABELSETH, Iver Kristian Nilsson (I8973)
|
383 | Bilettekst: Johan Laurits Sæter (1887-1976) var fødd på Kurset i Sykkylven. Han vart gardbrukar på Hallvardsæter etter at han kom til Johannesgarden og gifta seg med eldste dottera i bruket, Johanne Pernille i 1912. Her er han avbilda i uniform medan han var på Setnesmoen. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | KURSET, Johan Laurits Larsen (I9299)
|
384 | Bilettekst: John Steinar Sæther (1915-2007) i Johannesgarden på Hallvardsæter var ein av mange i område som starta og dreiv med pelsdyroppdrett av mink frå 1950-talet og utover. Her er han i eit av skura med eit prakteksemplar. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | SÆTER, John Steinar Johanssen (I9301)
|
385 | Bilettekst: Jørgen Elias Amdam (1879-1955) var bonde og gartnar i Olegarden på Amdam. Han fekk i 1931 sølvmedale og diplom frå Møre landbruksselskapet for arbeidet som styrar av selskapets hagebrukskurs i 25 år. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | AMDAM, Jørgen Elias Olsen (I9785)
|
386 | Minst en nålevende eller privat person er linket til dette notatet. Detaljer ikke tilgjengelig. | Nålevende (I9019)
|
387 | Bilettekst: Karl Andreas Madsen Valbø (1884-1959). Karl var over til Amerika ein tur før han kom tilbake til Ørskog. Han gifta seg i 1911 med Ingeborg Møll, og i 1923 bygde dei seg hus på Sjøholt (97/65). Dette bildet er teke i Mayville, Nord Dakota. (Registrert av Tore Gære for Ørskog Historielag.) | VALBØ, Karl Andreas Madsen (I9680)
|
388 | Bilettekst: Karl Olaus Sæter (1859-1949) i Kristangarden på Olasætra likte på sine gamle dagar å site på stabburstrappa å kvile seg. Dette bilete vart teke i 1948, året før han døydde. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | SÆTER, Carl Olaus Cristiansen (I10133)
|
389 | Bilettekst: Karsten Nikolai Abelseth (1926-1995) var snikkar av yrke. Gift i 1956 med Oddveig Thomasgård frå Hornindal og fekk fire born. Dei fekk skilje ut ei tomt frå bnr. 20, Lunheim på Apalset og sette opp sit eige hus der. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | ABELSETH, Karsten Nikolai Nilsson (I9005)
|
390 | Bilettekst: Lina Solnørdal, seinare gift Fauske, arbeidde ved postopneriet på Sjøholt i 1937. Posten held den tida til i hotellet, og her er ho på veg til fjordabåten på nykaia med postsekkane i dragarvogna. Under arma har ho kvitteringsprotokollen klar. (Registrert av Ole Øystein Nybø.) Lina Bergljot Fauske f. 24. september 1914 – døde 24. oktober 1994. Lina Fauske, Sjøholt, fyller 80 år i dag, laurdag 24. september. Lina er oppvaksen i Solnørdalen i ein stor barneflokk. I unge år arbeidde ho ved postopneriet på Sjøholt , dette var då posten hadde tilhold på Sjøholt Hotell. I 1939 gifta ho seg med Petter Fauske og skapte ein fin og god heim for familien sin på Abelseth. Lina har alltid vore full av omsorg for andre. Ho var ei god mor og tok seg lenge av svigerforeldra sine på ein fin måte. No er Lina på Ørskog sjukeheim. Kreftene har minka, men ho fylgjer godt med i det som hender, og likar å slå av ein prat. Kiide: Sunnmørsposten 24 Sept 1994 | SOLNØRDAL, Lina Bergljot Olesdtr. (I10074)
|
391 | Bilettekst: Lisa Olivia Abelseth (f.1900) frå Nilsgarden på Apalset reiste til Amerika frå Ålesund 3. april 1923. Ho gifta seg der med Hans Olai Sandnes frå Eidså og vart buande. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | ABELSETH, Lisa Olivia Iversdtr. (I8985)
|
392 | Bilettekst: Margit Josefine Bårdsgjerde og Nils Peter Abelseth gifta seg 8. november 1924. Dei budde dei første åra etter at dei vart gift i Nilsgarden på Apalset, der han var frå. Der vart og dei tre første av dei fire borna deira fødd. Så fekk dei utskilt eit stykke frå garden, der sette dei seg opp hus, kalla bruket for Lunheim, og flytta inn rundt 1930. Nils var stuert på fiskebåtar, og Margit var husmor. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.) | ABELSETH, Nils Peter Iversson (I8983)
|
393 | Bilettekst: Martin B. Lande (1899-1989) med sin Harley Davidson med sidevogn. (Lokal registrering: Tore P. Gjære, 03.02.2000.) | LANDE, Martin Bendiksen (I9435)
|
394 | Bilettekst: Nikoline Petrine Asmundsdtr. Tøsse f.1866 døydde i 1907 av turberkulose. Ho vart gift med Iver Kristian Nilssen Abelseth (1863-1962). Dei hadde ni barn, den yngste var 5 år då Nikoline døydde. Nikoline med sølje til Sunnmørbunad (kalla Sunnmørsknappen). Denne vart også brukt på vanleg kjole. (Lokal registrering: Heidi Knutsen 15.04.1999.) | TØSSE, Nikoline Petrine Åsmundsdtr. (I8974)
|
395 | Bilettekst: Nils R. Søholt var frå Einagarden gnr. 97.038 på Sjøholt. Han var bygningsmann og tømmermann. Kona Anna vaks opp hos besteforeldra på Sjøholt, Andreas og Johanne Søholt. Foreldra Olave og Kristian Sollid flytta til Vaksvik. I 1902 bygde Nils og Anna hus på Skjerva og flytte dit. Frå venstre: Nils Rasmussen Søholt (1874-1920), Anna Kristiansdtr. Sollid Søholt (1875-1955) og sonen Richard Peder Nilssen Søholt (1897-1954). (Lokal registrering: Bjørn Steinar Skarbø 15.04.1999.) | SØHOLT, Nils Johan Rasmusen (I9974)
|
396 | Bilettekst: Ole Hatlen fotografert i 1947 ved Tuene, med motorsykkelen sin som på folkemunne berre gjekk under namnet "symaskina". Ole kjøpte den av Olav Sjøholt på "Myrane" som i si tid hadde kjøpt den ny. Ole og kona Alfhild, som var frå Moskenes i Lofoten, køyrde ein gong heilt til Nord-Noreg på sykkelen. (Registrert av Ørskog Historielag v/ Ole Øystein Nybø.) | HATLEN, Ole Magnus Hansen (I9627)
|
397 | Bilettekst: På tunet i Knutgarden på Vestre i 1950. Frå v: Olave Petrine og Knut Oluf Vestre med dottera Randi mellom seg. Fotograf: Karsten Sæter som var trulova med Randi. Registrert av Harald Petter Haugen for Ørskog Historielag | STAMNES, Olave Petrine Rasmusdtr. (I302)
|
398 | Bilettekst: Peder G. Indreeide (f.1872) frå Eidsdal og barnebarnet Per Helge Indreeide Knutsen (f.1954). Dei sit på ein steinbenk ved løa på Apalsethaug. Ein slipestein i bakgrunnen. (Lokal registrering: Heidi Knutsen 25.02.1999.) | INDREEIDE, Peder (I7179)
|
399 | Bilettekst: Peder G. Indreeide, hustru Eli og dotter Aslaug sommaren 1942 eller 1943. Høyet måtte berast på ryggen i høybør i dei bratte bakkane. Høyet vart lagd i "kjember" og lagt i "børatøget". Fire -fem kjember i kvar bør. Tauet vart stramma i ei høgd og så teke på ryggen. Når den som bar skulle reise seg fekk han hjelp til å løfte opp børa så den kom godt opp på ryggen. (Lokal registrering: Heidi Knutsen 25.02.1999.) «b»Bilettekst: «/b» Aslaug Indreeide, konfirmant og tenestejente ved Sjøholt Hotell sommaran 1939. Aslaug i 2. dags konfirmasjonskjole - svart med kvit krage - som ho brukte då ho serverte gjestane. Ho begynte om morgonen med skopuss for gjestane - skorne stod utom høtelldørene inn til romma. Ho dekte frokostborda, serverte under frokosten, tok oppvask, rydda og ordna romma til gjestane som anten gjekk tur eller satt i salongane. (Lokal registrering: Heidi Knutsen 25.02.1999.) | INDREEIDE, Aslaug Pedersdtr. (I10754)
|
400 | Bilettekst: Petrine Marte Nilsdtr. Egge var fødd på Egge og gift i 1861 med Rasmus R. Søholt (1833-1885). I 1887 vart Einagarden selt og Petrine sat som kårkone i Einagarden til ho døydde. Petrine og Rasmus hadde tre barn. Foreldra til Petrine var Nils Andreas Knutsen Egge (1817-1856) frå Egge, gnr. 98.001, og Magnhild Margrete Andersdtr. Bårdsgjerde (f.1808, død mellom 1836 og 1840). Nils vart gift andre gang i 1840 med Marte Pauline Petersdtr. Sjøholt (1816-1862). Dotra deira, Karen Marte (1846-1934) var mor til ma. fotograf Ole Egge (1872-1956). NB! Petrine Marte er feilført i "Ørskog gjennom tidene" band III, ættesoga. Informanten seier at mor hans fortalde at Petrine og Karen var halvsøstre og at Petrine var eldst. (Lokal registrering: Bjørn Steinar Skarbø 15.04.1999.) | EGGE, Petrine Marta Nilsdtr. (I9153)
|