Notater |
- Hilda Søholt, Sjøholt, fyller 80 år i dag måndag 12. juli.
Ho kom frå Flisneset i gamle Borgund til Sjøholt som tenestejente. Her vart ho så gift med Kristian Søholt.
Hilda har alltid vore flink med hendene sine, såleis dreiv ho også ei stund heimesaum medan borna – tre jenter og ein gut – var små.
I foretningslivet gjorde ho ein innsats for sjømannsmisjonen. Det kjendes rett for henne, ettersom brørne hennar var sjøfolk som også siglde ute under krigen.
Hilda Søholt har alltid hatt mange idear og hobbyar. Ho har det ho sjølv kallar "skrivekløe" – og forsyner lag og aviser med innlegg og tur-referat. Ho var lenge sekretær i Pensjonistlaget og den første formann i Eldrelaget. Kvar einaste tysdag bed ho inn til kaffe, kaker og sveler på Samfunnshuset på Sjøholt. Denne "Hilda-kafeen" er umåteleg populær og eit koseleg treffpunkt for pensjonistane i kommunen.
Sosial som ho er, skal Hilda feire jubileet over to dagar: ein dag med vener og den neste med familien. Kjenner vi henne rett, vert det stor stemming og velsmakende mat i rikelige mengder.
Kilde: Sunnmørsposten 12 Juli 1993
|