Notater |
- Peter Ludvig var ugift. Han var ein tur over til Amerika, men kom heim sjuk.
«b»Bilettekst: «/b»
Personar f.v.: Tore Johan Reite, Ørskog (1864-1949), (bak) Peter Ludvig Reite (1890-1914), (framme) Johanne Marie Reite (1903-1972), Oline Birgitte Vestre Reite (1896-1943), Berte Olive Reite Koppernes (f. 1909). Tore var brukar på Reite. Han var gift 2 gongar. Først med Johanne Birgitte Hjelle Reite (d. 1900) i 1888 og så med Oline Vestre Reite i 1901. Han hadde fem born i fyrste ekteskap, men tre døydde som born og to vaks opp. I 2. ekteskap hadde han 3 born, der 2 vaks opp. Petter Ludvig Reite reiste til Amerika og studerte mattematikk. Han vart der rekna som geni og vart professor i svært ung alder, truleg rundt 23 år. Dessverre fekk han tuberkulose og kom heim for å prøve å verte frisk med hjelp av fjelluft. Han låg på Grytalisætra sommaren 1914, men sjukdommen let seg ikkje kurere og han døydde på haustparten. (Lokal registrering: Bjørn Steinar Skarbø, 10.06.2001.)
«b»Identifiserte personar:
«u»(1) Tore Johan Reite «/u», «u»(2) Peter Ludvig Reite «/u» , «u»(3) Johanne Marie Reite «/u», «u»(4) Oline Birgitte Vestre Reite «/u» , «u»(5) Berte Olive Reite Koppernes «/u»«/b»
|