Notater |
- Kilde: Sunnmørsposten 11 feb. 1961
Knut E. Vestre f. 12. februar 1891 – døde 29. november 1979.
En kjent mann i Vaksvik, Knut E. Vestre, fyller 70 år i morgon. Søndag 12. februar. Han var ein av pionerane i pelsdyrnæringa her i landet og har enno ein av dei største minkfarmane på våre kantar.
I unge år var Vestre to turar i Amerika der han arbeidde som snikkar. Etter første turen bygde han nytt hus på "Massplassen" han hadde kjøpt i Vaksvik, og då han kom heim siste gongen bygde han ny løe.
Idéen til pelsdyra fekk han alt i Amerika, og han var ein av dei første som gjekk i gang med revegard.
Knut E. Vestre har vore ein uvanleg drivande kar som har lagt sin lengste arbeidsdag ned på gardsbruket og pelsdyrfarmen. Han har vunne seg respekt mellom bydefolket og er kjend som ein solid og staut kar.
Mange vil visseleg ynskje han til lykke på dagen i morgon.
|