Notater |
- Var brukarar på Ekornes i Sykkylven.
Ein gammal husmannsplass under lnr 325 Lars Peter Severin Ellingsen Hjelle frå Ørskog f 1816 d 1860 1845 g Marte Olave Larsd. Velle (Askjellg.) (1811-1881) Br 1845-1850 Born før ekteskap: 1. Eline Bastiane f 1840 2. Lars Petter f 1841 (mor: Berte Larsd. Velle?). Til Utgård. Born i ekteskap: 3. Berte Laurentse f 1845, g 1882 Kristian Amunds. Gjævenes 4. Olave Tomasine Jensine f 1848 Dottera Berte Laurentse hadde barn: Berte Oline f 1868 (far: Martinus Berntsen Klokk). Kyrkjeboka har Berte Larsd. Velle som mor til Lars Petter. Det kan vere feil for Marte Larsd. Då denne familien kom til Ikornnes, kom dei frå Riksheim, men der hadde dei ikkje jord då. Dei fekk ein husmannsplass alt i 1845, men fekk ikkje festesetel frå kapt. Schjølberg før 21/4 1846. Dei sat trangt i det, og i 1848 vart Peter stemnd for forlikskommisjonen av presten Krabbe for ein gjeld på 4 spd. Nils Olsen Fet møtte for Peter og lovde betaling innan 5 veker. I 1850 hadde Peter gjeld til presten att, no ca. 9 spd, og presten kravde utlegg i stovehuset til Peter ved eksekusjonsforretning. Same året flytte Peter og familie til Riksheim. (Kalvegjerde under Pegarden.)
|