Jens SYNNES, Sep

Jens SYNNES, Sep

Mann 1910 - 1987  (76 år)

Personlig informasjon    |    Media    |    Notater    |    Hendelseskart    |    Alle

  • Navn Jens SYNNES 
    Suffiks Sep 
    Fødsel 11 Sep 1910  Sjøholt, , Møre og Romsdal, Norway Find all individuals with events at this location 
    Kjønn Mann 
    _UID A3DE6ECD34CC4F5E9493FB20EEC16D551C88 
    Død 21 Jun 1987  Sjøholt Find all individuals with events at this location 
    Person ID I7122  Lerkeli
    Sist endret 13 Aug 2021 

    Familie Nålevende 
    Sist endret 27 Jan 2016 
    Famile ID F2181  Gruppeskjema  |  Familiediagram

  • Hendelseskart
    Link til Google MapsFødsel - 11 Sep 1910 - Sjøholt, , Møre og Romsdal, Norway Link til Google Earth
    Link til Google MapsDød - 21 Jun 1987 - Sjøholt Link til Google Earth
     = Link til Google Earth 

  • Bilder
    Jens Synnes.jpg
    Jens Synnes.jpg
    C:/Users/jarle/Desktop/Bildemapper i slektsprogram/Bildemappe til Slekt/Gamle bilder personer til Legasy/Jens Synnes.jpg
    C:/Users/jarle/Desktop/Bildemapper i slektsprogram/Bildemappe til Slekt/Gamle bilder personer til Legasy/Jens Synnes.jpg

  • Notater 
    • «b»Bilettekst: «/b»
      Jens Petter Synnes (1910-1987) var ein av Ørskog sine aller største musikarar gjennom tidene. Vidgjeten både som komponist, utøvar og dirigent. (Registrert av Ole Øystein Nybø for Ørskog Historielag.)

      Kilde: Sunnmørsposten 7 Sept 1985
      Jens Synnes – Ørskogbygda sin meisterspelemann - runder onsdag 11. september 75 år. Ein jubilant som har gledd og framleis gler mange med sin musikk. Han har spelt i kyrkje og bedehus, ungdomshus og samfunnshus, på stemne landet rundt, for leikarringar og pensjonistar på treff. Han har dirigert og insturert kor og korps, komponert og skreve ned slåttemellodiar og berga desse frå å gå i gløymeboka.
      Han var fødd i Honningdal i Skodje, faren Nils, var frå Vigra medan mora, Petrine var frå Honningdal. Musikar var han på fritidia medan han yrkesmessig elles arbeidde i møbel, bl.a. i Sykkylven, Kragerø og hos Bj. Hansen på Sjøholt. Eit par vintrar var han også med faren på fiske.
      På Sjøholt gjekk han amtskulen. Jens arbeidde også hos broren Ingebrigt på Skodje.
      Han er ein velkomen gjest alle stader der folk kjem saman til stemne og konsert for å høyre velklingande tonar. Han har vore i radio og TV og på plater. Gledeleg er at denne spelemannsveteranen såvisst ikkje har redusert aktiviteten. Sidan han runda 70 har han medverka på to LP-plater og er i desse dagar i gang med si tredje innspeling av slåttar frå vårt distrikt.
      Jens Synnes er ikkje berre lokalt, men også på landsbasis ein framtredande spelemann som gjerne blir midtpunket der spelemenn er samla. Som utøver er han blandt dei få som har greidd kombinasjonen av å meistre både klassisk musikk og gammaldans/folkemusikk. Han har både Bolstad og Mozart på sitt repertoar.
      På vegne av mange gratulerer vi med dagen og takkar for mange gode musikkstunder.