Notater |
- Ole Bastian var banksjef i Ørskog Sparebank
Kilde : Sunnmørsposten 23 .Aug 1993
Ole Bastian Hatlen f. 14. desember 1912 – døde 19. august 1993.
Tidlegare banksjef Ole B. Hatlen er død. Han hadde nyleg runda 80 år. Arbeidskapasiteten og innsatsen var på top heilt til han var 70 år då han gjekk av med pensjon.
Etter at han for nokre år sidan var råka av sjukdom har helsa vore sterkt redusert, og han vart buande på Ørskog sjukeheim.
Etter ein kortare periode som revisor for fylkesskattesjefen, har han tent heimbygda Ørskog på framifrå måte i heile sitt yrkesaktive liv. Frå 1945 til 1983 var han tilsett i Ørskog Sparebank, dei siste 30 åra som banksjef. Ein traust og samvitsfull leiar for ein tvers igjennom solid samfunnsinstitusjon. Han var først og fremst banken og bygda sin mann, men tok og del i andre bankoppgåver utanom sin eigen bank.
Då han takka for seg for 10 år sidan vart han og heidra med Kongens fortenestemedalje. OB, som var hans vanlege namn i dagletalen, var ein mann som hadde mange gode vener. Han tok seg alltid tid til ein prat med folk, både i og utanfor banken, og han var ofte god å kome til for gode råd. Hatlen var ein ihuga friluftsmann. Han hadde særleg glede av fiske, til sjøs og til fjells, og han var oppteken av kultivering i elvar og fiskevatn. Sjølv etter at helsa svikta, fylgte han interrisert med i det som hende ute og heime. Gjekk det godt med andre, gledde han seg over det. Han vil verte hugsa for sin godvilje og omtanke for andre, og minnet om han vil leve lenge både i og utanfor heimbygda.
|