Notater |
- Kilde: Sunnmørsposten 3. des 1994
Sofie Stene f. 4. desember 1904 – døde 26. september 1996.
Sofie Stene, Sjøholt, fyller 90 år i morgon, sundag 4. desember.
Sofie er fødd i Stordalen, men har budd mesteparten av sitt liv på Sjøholt der ho gifta seg med kjøpmann Nils Stene.
Saman dreiv dei to kolonialhandel, og dei hadde også eit stort fryseri med utleige av fryseboksar til bygdefolket. Ekteparet Stene var kjend for å yte god service, dei var truleg av dei aller første som kjøpte bil og begynte å køyre varer ut til kundane. Sjølv om Sofie hadde lange dagar på butikken, var ho ei dugande husmor. Ho var flink til å bake, noko vi borna som vanka der, visste å sette stor pris på.
No er helsa ikkje helsa lenger den beste, og Sofie bur derfor på Ørskog sjukeheim. VI ynskjer tillukke med dagen.
|