Notater |
- Bilettekst:
Ingvald Olsen Amdam (1893-1986) gjorde militærteneste på Setnesmoen i 1913-14. Han var i saniteten. Ingvald var fødd på Amdam i Olegarden gnr. 83.002. Han gjekk snikkar- og treskjerarskule i Ørsta i åra 1911-1913, truleg vintrane. Ingvald arbeidde som bygningsmann, murar og anleggsarbeidar. I 1922-23 bygde han hus og løe på Amdam og dyrka opp jorda og dreiv garden (sjå bilete 3 til 8 i denne samlinga). Attåt det dreiv han aktivt fjordafiske. (Lokal registrering: Bjørn Steinar Skarbø 19.04.1999.)
|