Stranda kirke, Stranda, Møre og Romsdal, Stranda, Norge


Breddegrad: 63.553637, Lengdegrad: 10.220392 | Klikk for å få veibeskrivelse til Stranda kirke
Stranda kirke

Notater:
H63C+C5 Vanvikan
På 1800-talet var folketalet i Stranda kome opp i 1200 og kyrkja frå 1731 vart for lita. Ei ny kyrkje vart oppført på dei gamle tuftene nærmare sjøen. Den vart oppført i åttekant-stilen som var på moten, nabobygdene Stordal, Norddal og Ørskog (står no på Leikong i Herøy) hadde alt fått slik kyrkje. I andre åttekantkyrkjer var det vanleg med fire søyler midt i skipet til å bere taket. Stranda kyrkje fekk i staden eid rad digre bjelkar som ber taket og bind i hop veggane, slik at det blir fri sikt i skipet men litt mindre takhøgde. Treverket i den gamle kyrkja var generelt truleg for smått til å brukast om att, men dørene (med merke for kvar gard) inn til benkane kom truleg frå gamlekyrkja. Alterskåp, preikestol med himling og to kyrkjeklokkar vart flytta over frå gamlekyrkja. Bygget fekk i 1838 raud teglstein som i 1875 vart skifta ut med skiferstein som framleis ligg. Opphavlege kyrkja fire små vindauge, i 1904 vart desse sterkt utvida i høgda og fekk ein halvsirkelforma avslutning. Dei store vindauga er eit stilbrot i følgje jubileumssoga. Bygget har ikkje rein åttekantform med eit tilbygg for våpenhus og eit for kor. I 1927 kom ei lite tilbygg for sakristi. Bak i skipet er eit galleri rundt veggane. Utvendig har bygget alltid vore kvitmåla. Den eldste klokka er frå 1721, den andre frå 1958 - ei klokka støypt i 1823 vart då flytta til gravplassen på Ødegård. Ein vievasskar (av stein) frå katolsk tid vart nytta som døypefont var i Ålesund då byen brann i 1904. Ein kopi står no i kyrkja. Under taket heng ein modell av ein tremasta fullriggar. Kyrkja fekk orgel første gong i 1912, dette vart skifta ut i 1962.